I takt med at fleire avfallstypar har blitt innført dei seinare åra, har fleire kjent på manglande plass til det nødvendige renovasjonsutstyret. Meir og betre sortering av avfall går på bekostning av plass for den enkelte husstand.
Stadig fleire ser at dei er betre tent med å samarbeide om renovasjonsutstyret enn å fylle uteområda med avfallsdunkar. Hvis du og naboen set fram avfallsdunkane på same stad, kan det bli mykje med 4 dunkar kvar.
Uavhengig av om du bur i einebustad eller blokk, kan du samarbeide om renovasjon.
Vi har løysingar for nabodeling for mindre og større samarbeid.
Er du på jakt etter informasjonsmateriell og brosjyrer?
Kom innom oss i Daaekvartalet på Moa eller sjå og last nedbrosjyrer her.
I hovudsak tilbyr ÅRIM tre alternativ for samarbeid:
Avfallsbrønnar
- Avfallsbrønnar tek mindre plass og er meir estetiske enn dunkar.
- Avfallsbrønnar gir betre brannsikkerheit enn avfall plassert i avfallsrom
og ved oppgangar. - Dei treng sjeldnare tømming, noko som gir mindre trafikk med renovasjonsbil.
- Avfallsbrønnane er å få i fleire ulike storleikar.
- Eigna i område med meir enn trettifem husstandar.
- Brukarane må sjølve kjøpe avfallsbrønnane, men kan søke om å få tilskot av ÅRIM.
- For at ÅRIM skal kunne tømme brønnane, må dei vere godkjente av ÅRIM.
Bakkekonteinarar
- Det må vere rundt 25-30 husstandar for at ÅRIM skal kunne tilby ei slik løysing.
- Avstand til køyrbar veg bør ikkje vere meir enn tre meter.
- Fri høgde over utstyret bør vere minst ni meter på grunn av tømming.
- Utstyret bør stå der folk naturleg ferdast forbi.
- Grunneigar må godkjenne plassering av bakkekonteinarane.
- Konteinarane må ikkje stå slik at dei hindrar trafikk
og ferdsel. - Husstandar som er med på ordninga må levere alt
avfallet sitt til bakkekonteinarane.
Deling av dunkar
- Frå to husstandar og oppover.
- Den mest vanlege løysinga er å dele dunkar med naboar.
- Volum på dunkane må vere tilpassa kor mange som leverer avfall.
- Brukarane har eit felles ansvar for riktig sortering, reinhald og bruk.
- Dunkane må stå plassert slik at dei er godt tilgjengelege for dei som bruker dei.
- Dunkane kan stå innandørs eller utandørs.
- Dunkane må vere trilla fram for henting kl 06 på hentedag.
Treng du brosjyrer?
Kom innom oss i Daaekvartalet på Moa eller sjå og last nedbrosjyrer her.