Sorter restavfall i behaldar med grått lokk.
Restavfall er det som er igjen etter når du har sortert ut det som er mogleg å kildesortere. Sorter restavfallet i dunk med grått lokk. Dunken blir tømt kvar fjortande dag, unntatt i "gamle Ålesund Kommune". Der er det vekentleg tømming fram til ordninga for matavfall er iverksatt.
Det som er for stort for restavfallsposen heime leverer du til din nærmaste miljøstasjon.
Restavfallet går til forbrenning.
Det som er for stort til å kaste i søppelkassa skal ein levere til ein gjenvinningsstasjon. Gjenstandar som blir plassert ved søppelkassa blir ikkje henta av renovasjonsbilen.
Restavfallet blir transportert til forbrenningsanlegget til Tafjord Kraftvarme A/S på Grautneset i Ålesund. Her blir energien nytta til strømproduksjon og fjernvarme.
Den vanlegste behandlingsmetoden for restavfall er energiutnytting. Det vil si at avfallet blir brendt, og at energien som oppstår kan bli brukt til oppvarming eller produksjon av strøym.