Dersom du har behov for å bli kvitt ekstra avfall kan du kjøpe ein ekstrasekk. Sekken er orange, og kan brukast i alle ÅRIM-kommunane.
- Plasser sekken ved restavfallsdunken på hentedag
- Pass på at sekken er godt samanknytt, slik at avfall ikkje ramlar ut
Pris for ekstrasekk
Når du kjøper ein ekstrasekk, vil kostnaden for denne kome på di neste rekning for renovasjon.
- Pris per sekk er kr 62,50,- inkl. mva.
Kjøp sekk hos ÅRIM på MOA
Normal opningstid er 09.00-14.00. Når kontoret er stengt, kan du sende bestilling til post@arim.no. Sekken kan hentast på kontoret vårt.
Om du vil hente utanfor opningstider, kan vi leggje sekkane du kjøper på avtalt stad. Avtalt stad kan vere på Moa, på miljøstasjonane våre, eller hos dei fleste innbyggjartorga i kommunane.