Her er svar på spørsmål vi ofte får
Kva gjer eg når vi har har meir avfall enn vi får plass til i dunken?
Dersom dette gjeld kvar veke bør du auke til større abonnement. Ta i såfall kontakt med kommunen din. Dersom dette gjeld i enkelte tilfelle, for eksempel ved høgtidsdagar, kan du kjøpe orange ekstrasekk på servicekontoret. Denne set du fram ved neste henting.
Kva gjer eg dersom ÅRIM ikkje har henta avfallet mitt?
Dersom ÅRIM har gjort ein feil, kan du sende avviksmelding via nettsida vår. Velg "manglande tømming" under den grønne Hjelp og service-fana. Du kan og ringe 70 16 41 80 og gi beskjed. Da vil vi prøve å ordne opp så raskt som mogleg. Hugs å fylle inn tydeleg kontaktinformasjon.
Kva gjer eg dersom eg har gløymt å setje fram dunken til kl seks på hentedag og avfallet er ikkje tømt?
Da kan du kjøpe orange ekstrasekk på servicekontoret i kommunen din. Sekken set du fram ved dunken ved neste henting.
Korleis bestiller eg større papirdunk?
Privatkundar (husstandar) kan auke frå 140 l til 240 l papirdunk. Gå inn på bestillingsskjemaet og send bestlling. Du vil få utlevert større papirdunk kort tid etter.
Kva kostar det å auke frå 140 til 240 papirdunk?
Du får 240 l papirdunk til samme pris som 140 l. Dersom du byttar dunk vil ikkje dette koste deg noko ekstra.
Kvar får eg nye plastsekkar til plastinnsamlinga?
Knyt ein vanleg berepose på dunken din. Renovatør vil da leggje att ein rull med sekkar på dunken din. Hugs å knyte av posen når du har fått nye sekkar.
Kan eg bruke svarte sekkar til plastinnsamlinga?
Nei. Det er viktig at alle brukar gjennomsiktig plastretursekkar og ikkje leverer andre type sekkar til innsamling av plastemballasje. Spesialsekken er seig og toler mykje før han sprekk. Han har og hol i seg, noko som er viktig når sekken blir pressa saman med papiravfall i renovasjonsbilen.
Vi sorterer ut heile sekkar frå papiret
Plast og papir blir sortert ut etter tømming, det er difor viktig at sekkane er så heile som mogleg. Andre typar sekkar vil i stor grad sprekke, plasten kan da bli blanda med papiret og vere svært vanskeleg å sortere ut.
Bruk ikkje svarte sekkar til plastemballasje
Det er umulig for renovatør å vite kva som er i ein svart sekk. Svarte sekkar med plastemballasje vil dessverre bli vurdert som restavfall av renovatør, og vil bli sett att. Vi har nokre uheldige episodar med feilsortert avfall, noko som kan øydeleggje eit heilt lass med papir. Gjennomsiktige sekkar gjer at vi har moglegheit til å luke ut sekkar med feilsortert avfall.
Korleis vil utdelinga av plastemballasjesekkar foregå?
- Det blir felles utdeling av plastsekkar til alle husstandar i september-oktober
Kor mange sekkar kan eg levere inn?
Du kan levere inn så mange sekkar med plastemballasje som du vil pr mnd. Når du går tom for sekkar vil du få nye. Dette gjeld berre plastemballasje (ikkje papir eller anna avfall)
Når rullen er tom - får eg automatisk nye?
Når rullen din er tom, knytter du ein handlepose på ein av plastdunkane dine . Renovatørane har med seg rullar i bilen og legg ein ny rull på dunken. Slik får dei som samlar mykje plast sekkane dei treng, medan dei som samlar lite plast slepp å få sekkar dei ikkje har bruk for. Hugs og å knyte av posen når du har mottatt nye sekkar.
Kvar får eg kjøpt stativ til plastsemballasjesekkane?
Stativ til plastemballasjesekk er å få kjøpt i mange butikkar, eksempelvis Jula, Clas Ohlson, Obs Bygg og liknande. Stativa er å få i fleire prisklasser; frå under hundrelappen til over tusenlappen. ÅRIM si erfaring er at dei rimelege stativa vil fungere godt for dei fleste. For burettslag og sameige bør de vurdere stativ som er robuste og tåler meir Her er fleire forslag
Kan eg få eigen dunk til plastemballasjesekken?
Nei. ÅRIM deler berre ut plastsekkar. Dunkar er ikkje ein del av tilbodet i dag.