Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Tette tankar

Tette tankar

Det finst ulike typar slamanlegg; reinseanlegg, tette tankar og slamavskiljarar. I ein tett tank blir avløp samla opp i tanken. Tanken har ikkje noko utløp, og slammet blir ikkje reinsa.

Tømming av tett tank
Ved tømming av tett tank, blir alt innhaldet i tanken tømt utan retur av reinsa vatn.

Det er vanleg å bruke tette tankar i hyttefelt og område der det ikkje er lov å ha utslepp. Tankane blir tømt kvart år, eller oftare ved behov.

Om du har ein tett tank, er det viktig å passe på at toalettet ikkje lek. Dette fører til at tanken fyller seg unødvendig fort opp.

Hra du problem med tanken?

Det kan vere fleire grunnar til det.

  • Innløp

    Røra frå huset går i tanken. At toalettet tapper seint ned kan tyde på ar røret er tett eller at tanken er så full, at nivået er høgare enn innløpet.
     

    Trinnvis løysing:

    • Løft av lokket på tanken
    • Er nivået i tanken opp til innløpet?
    • Dersom ja, kontakt ÅRIM for tømming av tanken.
       
  • Nivå i tanken
    Nivået for tett tank varierer, etter bruk av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner. 

    Nivået for ein tett tank må ikkje overstige innløpet på tanken. Dersom det skjer vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige så høgt at det til slutt vil renne over i tanken.

    Det er abonnenten sitt ansvar å sørge for at tanken blir tømt og fungerer etter utsleppsløyve.