Dummybilde - stort

ÅRIM - Eit miljøfagleg kompetansesenter

Selskapet Ålesundregionen Interkommuale Miljøselskap (ÅRIM) er eigd av dei 12 kommunane Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes, Ørskog og Ålesund.

ÅRIM er eit resultat av Ålesundregionen Utviklingsselskap (ÅRU) si satsing på interkommunalt samarbeid innan avfallshandtering og miljø. ÅRIM tar i løpet av 2011 over kommunane sine lovpålagte oppgåver innan innsamling, gjenvinning og handsaming av avfall og slam. Selskapet skal legge vekt på ei miljøvennleg drift i alle ledd av avfallshandsaminga.

ÅRIM skal i tillegg også vere eit rådgivande organ, kompetansesenter og ein serviceinstans  for kommunane. Selskapet skal også drive eit aktivt informasjonsarbeid for å auke innbyggjarane sin kunnskap og bevisstheit om avfallsreduksjon og miljøvennleg avfallshandsaming.


Hjelp og service

ÅRIM

Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS
Langelandsvegen 17
6010 ÅLESUND

Org nr 994 717 286