Rettigheiter og plikter
Renovasjonstenesta er ei lovpålagt teneste, og er basert på retningslinjene som står i renovasjonsforeskriftene til kvar kommune. ÅRIM-kommunane har ulike foreskrifter, foreskrifta for di kommune er difor gjeldande for deg. Mykje er likevel samsvarande:
Dette kan du forvente av oss:
- At restavfallet blir henta kvar veke (dei med redusert abonnent har annankvar veke)
- At plastemballasjen og papiravfallet blir tømt på fast hentedag hver fjerde veke
- At avfallet i størst mogleg grad blir energi- eller materialgjenvunne
- At innsamling og tømming foregår slik at det medfører minst mogleg ulempe i.f.t. støv, støy, lukt og liknande.
- At vi legger igjen beskjed dersom du som abonnent har gjort noko som resulterer i at avfallet ikkje blir tømt.
- At vi rettar opp i avvik i forhold til tømming så snart som mogleg etter at avviket er varsla til oss.
- At vi behandlar skriftlege henvendelsar etter forvaltningslova sine bestemmelsar.
- At vi gir deg informasjon, råd og veiledning om renovasjon og kildesortering.
I samband med høgtider og helligdagar kan avvik frå fast tømmedag forekomme.
Dette forventar vi av deg:
- At du kildesortere avfallet ditt etter ordningane som er i din kommune.
- At du leverer farlig avfall til ein miljøstasjon
- At du leverer ee-avfall til ein forhandler eller på ein miljøstasjon
- At privat tilkomstveg til avfallsdunkane er måka og strødd før tømming i periodar med snø og is.
- At avfallsdunkane skal vere lett tilgjengelige.
- At du melder frå til oss dersom du ønskjer å flytte avfallsdunkane dine.
- At du sørger for nødvendig reinhald av oppsamlingsutstyret.
- At du tek kontakt dersom det blir endringar i abonnementsforholdet.
- At du tek kontakt dersom du har spørsmål
Slik klagar du dersom renovasjonstenesta ikkje fungerer som ho skal:
- Ta kontakt med servicekontoret i kommuna di, på telefon eller e-post dersom du har ei melding om avvik
- Dersom du har eit vedvarande problem kan du sende oss ein skriftleg klage, enten på e-post eller brev.
Vi gjer merksam på at renovatøren ikkje alltid tømmer til faste klokkeslett, dette kan av ulike årsaker variere frå veke til veke.