Plastsortering i burettslag og sameige

Dei fleste som bur i burettslag og sameige ønskjer å samle plastemballasje i fellesareal på grunn av manglande lagringsplass inne. Til mange burettslag foreslår vi felles plastsekkar i eit eller fleire felles sekkestativ for oppsamling av plast.

Her er ulike forslag på korleis plastsekkane kan oppbevarast før henting.

 

FELLES SEKKESTATIV

  • Samle plastemballasje i vanlege bereposar i leiligheita.
  • Samle denne plasten i felles sekk i sekkestativ.
  • Slike stativ kan stå plassert i avfallsrom, bod, garasje, carport eller anna fellesareal.

  • Stativa bør stå lett tilgjengelege, der folk ferdast.

  • Samlestativ må stå tørt, og under tak.

 

   

SEKKAR I STÅLBUR

Oppsamling av fylte sekkar i stålbur. Dei fylte sekkane kan oppbevarast i stålbur/rullecontainer. Større burettslag kan ha fleire slike stativ

   

SEKKAR I BÅS

Oppbevaring av fylte sekkar i bås. Dei fylte sekkane kan oppbevarast i ein eigen bås i avfallsrommet / -huset

   

SEKKAR I HYLLER

Oppbevaring av fylte sekkar i hyller. Dei fylte sekkane blir her oppbevart på ei hylle i avfallsrommet /-huset

   

SEKKAR PÅ KROKAR

Oppsamling av fylte sekkar på krokar. Dei fylte sekkane kan hengjast på krokar på vegg.


Hjelp og service

BRUK SÅ MANGE SEKKAR DE HAR BEHOV FOR

Vaktmeister eller dei som bur i burettslaget skiftar ut sekkane når dei er fylte, og legg desse til oppbevaring på eigna stad. De leverer så mange sekkar de har behov for. Plastemballasjesekkane må setjast lett tilgjengeleg for renovatør saman med papiret. Plasten blir henta samme dag som papiret

 

Knyt sekkane som skal leverast med dobbel knute

 

Last ned Informasjonsbrosjyre:

Borettslag infobrosjyre