Smarte løysingar

For at kjeldesortering skal bli enkelt, er det viktig å organisere sorteringa på ein måte som passar heime hos deg. Du får kjøpt gode system for kjeldesortering hos kjøkkenforhandlarar. Gode sorteringssystem er og å finne hos dei fleste interiørbutikkar. Men du er på ingen måte avhengig av å kjøpe kostbare system, du kan og bruke boksar, bøtter, kasser og posar som du har frå før.

Her er nokre idèar til løysingar. Fleire av desse kan bestillast på nettet. Vi gjer merksame på at sortimentet i butikkane kan avvike frå døma vi viser her.

 
  

Kjøkkenforhandlarar


har fleire løysingar for kjeldesortering i kjøkkenbenken. Her er eit døme frå Sigdal

 

IKEA

har mange forskjellege avfallsbehaldarar og oppbevaringsboksar som passar til kjeldesortering. Her finn du både skreddarsydde løysningar for kjøkkenskap, og diverse boksar, stativ og korger som eigner seg for kjeldesortering.

 

Clas Ohlson


Clas Ohlson

har utvalg av forskjellege avfallsbøtter og kjeldesorteringsmøblar:

 

 


Skeidar

Praktiske korger kan og brukast. Slike kan du få kjøpe i interiørbutikkar.

 

 

Europris

Plastkasser er å få kjøpt i ulike fargar og storleikar

 


Sortèrshop

Lite og kompakt kjeldesorteringssystem som kan monterast i eit enkelt skap. Er å få kjøpt både på nettet og i butikkar (Clas Ohlson)

 

Intra


Intra

For montering i kjøkkenbenk. Avfallsbøtter i solid, miljøvennleg plast. Blir selt av kjøkkenleverandører og i Comfortbutikkar

 


Ojega

har eit utvalg av ulike kjeldesorteringssystem, til dømes eigne skapløysingar og bøtter.

 


Jysk

Jysk har ei rekke ulike oppbevaringsløysingar. Kasser, bokser, korger, og mykje anna.

 

 

 


Jula
Smart sett med 3 slitesterke sekkar til sortering av avfall. Posane kan festast i kvarandre med borrelås. Kan hengjast opp eller stå på golv.

 


Hjelp og service

Del ein god idè

Har du gode forslag på ei god løysing for kjeldesortering?

Ja takk 

- vi ønskjer bilde og eit par linjer om korleis du har organisert dette heime hos deg.

Send ditt kjeldesorteringstips  til ÅRIM