Glas- og metallemballasje

Kvart år blir det samla inn over 66 000 tonn glas- og metallemballasje. Glas og metall kan gjenvinnast om og om igjen.

Dette er glas- og metallemballasje

  • Barneglasmat
  • Kaviartuber
  • Tomme pilleglas
  • Glasflasker
  • Majonestuber
  • Vinflasker
  • Hermetikkboksar
  • Korkar / lokk av metall
  • Spritflasker
  • Mineralvannboksar (importerte - som ikkje kan pantast)
  • Kosmetikkglas
  • Metallfolieformer
  • Ølboksar (importerte - som ikkje kan pantast)
  • Sylteglas

 

Dette er ikkje glas- og metallemballasje

  • Drikkeglas
  • Krystall
  • Sparepærer
  • Koppar
  • Lyspærer
  • Termometer
  • Asjettar
  • Lysrør
  • Vindauge
  • Eldfaste former
  • Plexiglas
  • Keramikk
  • Porselen

 


Hjelp og service
  • Kva blir det til?

Gjenvunne glas blir til nytt emballasjeglas, Glasopor skumglas og Glava isolasjon. Gjenvunne metall blir for eksempel til bildelar, arbeidsreiskap, armeringsjern eller metallemballasje.

 

  • Glasopor

Glasopor er eit produkt av Norsk Glassgjenvinning AS som blir produsert fullt og heilt av returglas.

 

Les meir om glas- og metallgjenvinning